Postet 06 okt 2011 under Intervju

Vibeke Stærkebye Nørstebø (30) har reist frå hausttunge Trondheim til det solglitrande Stillehavet. Laurdag 8. oktober skal ho måla krefter med verdas mest gjennomtrente menneske i Ironman Hawaii.
Les mer… »
Postet 09 feb 2011 under Intervju
Da Fernando Javier Perez-Fernandez (37) flytta frå heimlandet Cuba til Norge, hadde han knapt brukt hanskar. No er sykkelen framkomstmiddelet hans året rundt.
Les mer… »
Postet 02 des 2010 under Intervju
Dei to raskaste kvinnene i årets utgåve av Styrkeprøven er begge medlemmer i Trondheim triatlonklubb. Kva driv sånne folk med om vinteren? Møt Vibeke (35) og Anne-Katrine (25)!
Les mer… »
Postet 19 jun 2010 under Intervju
Av dei to aller mest vanlege forestillingane om langdistansetriatletar er det berre den eine som stemmer når det gjeld Wiggo Røst. Rett nok trivest han med å trena aleine, men han er slett ikkje den stereotype gærningen som bruker all si tid på trening. I fjor sommar, etter meir enn eit tiårs avbrekk frå sporten og same år som han fylte 50 år, sette han personleg rekord på ironmandistansen. – Men i oppkøyringa trente eg aldri meir enn 14 timar i løpet av ei veke, kan han fortelja.

Eit kvarters rask gange innover skogen frå bakketoppen ved Rye på Byneset ligg husmannsplassen Einbakken. Det er hit vi er inviterte for å ta ein ettermiddagsprat med grunnleggjaren av Trondheim triatlonklubb. Les mer… »
Postet 29 mai 2010 under Intervju
SPØRSMÅL: Kva er skilnaden på ein joggar og ein løpar?
SVAR: Eit startnummer.
Ole Kristian Brattli meiner at denne gåta kan fortelja noko om hans haldning til trening og triatlon. Han liker nemleg å ha mål – noko å strukturera aktivitetane sine rundt. Ergo er han løpar og ikkje joggar. Eit av dei uttalte måla han har, er at han skal gi seg sjølv ein ironmankonkurranse i førtiårsgåve. Han har eit halvt tiår på seg.

Les mer… »